ÅRSRAPPORT 2017
Ramestyrte tiltak
NAV
SAMFUNNSOPPDRAG OG VERDIGRUNNLAG
Furene sitt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til
arbeidslivet.
Gjennom å sjå kvart menneske, syne respekt og vere truverdige i arbeidet, er vi
med på å skape FRAMTIDSTRU
Vi skal:
• Skape meirverdi for kundane
• Legge til rette for auka kompetanse og utvikling
• Vere ei attraktiv bedrift å jobbe i
Våre verdiar skal vere tydeleg i møte med
deltakarar, samarbeidspartnarar og arbeidsgivarar.
Vi ynskjer å vere truverdige, vise respekt og ha ei
uredd haldning til utfordringar.
Ved å innfri vårt samfunnsoppdrag skaper vi
verdiar for einskildmenneske, samfunn og
næringsliv.
Vårt geografiske nedslagsfelt er dei sju kommunane
på Søre Sunnmøre.
Våre interne arbeidsarenaer er ordinære produksjonar og viktige leverandørar
for næringslivet. Vi vektlegg at dei som har sitt daglege virke også innan
tilrettelagde arbeidsplassar opplever å vere arbeidstakarar i ordinært arbeid.
Dei siste åra har «Større mangfald av tenester nærare der folk bur» vore ei av
målsetjingane for utvikling av bedrifta. Geografien på Søre Sunnmøre kan i seg
sjølv verte opplevd som eit hinder for den einskilde sin valfridom i høve til
arbeid.
Furene AS sine eigarar :
I 2017 har Sykkylven Kommune selt sine aksjar. Kjøpar var Norges
Handikapforbund. Ny aksjonærfordeling etter salget.
side 1 av 9
Organisasjon «-Gjør du tingene slik du
alltid har gjort dem, vil du
Det har vore eit år prega av store endringar i leiinga. ende opp slik du alltid har
vært!»
Eldor Skeide kom inn som administrerande direktør etter Hege og det vart det
lagt ein ny leiarkabal, der vi både tilsette 1 ny avdelingsleiar utanfrå ga dyktige Ludvig Erhard
medarbeidarar utvida ansvar og nye utfordringar.
Organisasjon og organisering er eit viktig reiskap for å nå resultat og sikre
kvalitet i utøving av tiltak og tenester. Endring i tiltaksstruktur gjer at vi
kontinuerleg må arbeide med forbetring og tilpassing av roller, funksjonar og
oppgåver. Mobilisering av ressursar og kompetanse til deltakarane sitt beste er
dei overordna premissane for organiseringa.
I dette arbeidet er Jobbkonsulenten og Arbeidsleiar med oppfølgingsansvar dei
to sentrale funksjonane. Samhandlinga mellom desse er ein viktig faktor i det
vidare utviklingsarbeidet. Jobbkonsulentane er samla i eiga avdeling, medan
arbeidsleiarane med oppfølgingsansvar er knytt til sine respektive avdelingar.
Avdelingsleiar Eksterne tenester har det overordna ansvar for interne fagmøter,
individuelle utviklingsplanar og kompetansetiltak for jobbkonsulentane.
Opplæringskoordinator har tilsvarande ansvar for Arbeidsleiarforum og
utviklinga for arbeidsleiarane.
Overordna tiltaksutvikling og kundekontakt med NAV er forankra hjå leiinga
gjennom avdelingsleiar Eksterne tenester og administrerande direktør.
side 2 av 9
Tilsette
▪ Det er pr. 31.12.2017. 54 tilsette i Furene
▪ Furene har i tillegg 64 tilsette i tiltaka Varig tilrettelagt arbeid, Tilrettelagt
arbeid og Kvalifisering.
▪ Furene har 4 midlertidig tilsette.
▪ I 2017 var det 32 tilsette som hadde heilt eller delvis attføringsfagleg ansvar
for brukarar.
Utdanning/kompetanse
▪ Furene har tilsette som er: Vernepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut,
sjukepleiar, lærar, førskulelærar, einskildfag på høgskulenivå, sosialfagleg
utdanning, master i rådgjeving (pedagogikk), bachelor i psykologi, bachelor i
IT støtta bedriftsutvikling, kokk, fagbrev i mekaniske fag, samt fleire med
utdanning og erfaring innan sal, marknadsføring og økonomi.
▪ Tilsette i Furene har alle kompetanse innan motiverande intervju, MI. Dei
har også kompetanse innan fleire typar verkty som t.d. Rådgiveren.
Karriererettleiing basis, WIE, SCI-A/S, Solbergs interessetest, Job pics og
kunnskap innan SMART økonomisk rådgiving.
▪ Furene har også tilsette med kurs eller tilleggsutdanning innan ulike
diagnosar (som t.d. Down syndrom, ADHD, Asperger, Tourette) og innan
handtering av personar med rus/psykiatri-vanskar. Fleire har
vidareutdanning innan coaching, karriererettleiing og MI
▪ Det er fleire av dei tilsette som har utdanning innan trening, kosthald og
helse. Det er også tilsette i Furene som har kurs/godkjenning/erfaring innan
trening og funksjonsvurdering.
Kompetansetiltak 2017
▪ 2 tilsette har teke innføringskurs i MI.
▪ 2 tilsette har teke kurs i NetPed
▪ 3 tilsett har delteke på kurs i AI læring.
▪ 1 tilsett har delteke på kurs i kompetanse +.
▪ 1 tilsett har teke kurs om unge med psykiske
lidingar.
▪ 1 tilsett har teke kurs i grunnleggande
industrivern.
▪ 1 tilsett har teke kurs i grunnkurs i
arbeidsmiljø.
▪ 15 tilsette har deltake på kurs i karrierelæring.
▪ 28 tilsette har deltake på fagdag om rus og psykisk helse.
▪ 2 tilsette har delteke på velferdskonferanse.
▪ 3 tilsette har delteke på VTA konferanse.
▪ 2 tilsette har delteke på karriereveilederkonferanse.
▪ 1 tilsett har delteke på AFT konferanse.
▪ I tillegg deltek dei tilsette på eksterne tenester jamleg på interne fagmøter.
side 3 av 9
Kompetanseplan Kompetanseplanen
▪ Kompetanseplanen er eit strategisk verktøy i arbeidet med å sikre oss skal:
rett kompetanse til dei oppgåvene vi til ei kvar tid skal utføre.
▪ Planen vert evaluert årleg basert på tilbakemeldingar frå Avdelingane.
▪ Dei tilsette får vere med på å påverke korleis planen skal formast Sikre at Furene har rett
individuelle medarbeidarsamtalar og avdelingane sine innspel til kompetanse til å levere
prioriteringar produkt og tenester til
avtalt kvalitet.
▪ Vidare vert kompetanseplanen sydd saman ved at enkeltstudiar og Sikre at dei tilsette meistrar
kurs vert prioriterte ut frå kva kompetanse Furene treng samla sett. arbeids-oppgåvene og er
trygge i rollene sine, samt
▪ I 2017 meiner alle tilsette som deltok i evalueringa at dei tilsette har medverke til personleg
den kompetansen ein treng for å kunne gjennomføre dei tiltaka vi vekst.
leverer.
Sikre kvalitet og resultat
Equass - fokus på kontinuerleg forbetring og utvikling gjennom kontinuerleg
utvikling og forbetring.
Gjennom kvalitetssikringssystemet Equass forpliktar vi oss til kontinuerleg
forbetring og utvikling av tenestene vi leverer. Bedrifta vart resertifisert for to
nye år i juni 2016. Som ein del av dette arbeidet utfører vi jamleg målingar for å
verifisere status og måloppnåing. Målingane er ein integrert del av årshjulet i
bedrifta og vert kommunisert til tilsette gjennom internrapportering i
avdelingsmøter, til Nav og Arbeids & Inkludering gjennom ein
bransjestandardisert månadsrapport, sam til eigararar og samarbeidspartar
gjennom Årsrapport .
I tillegg til resultatmåla som er nedfelt i avtalane med NAV har vi eigne
utviklingsmål som i større grad peikar på forbetringsområder og kvalitet i
levering. I dette arbeidet tek vi utgangspunkt i svara som vert gitt både i interne
og eksterne undersøkingar.
Av utviklingsarbeid 2017 kan vi trekke fram:
▪ Auka fokus på opplæringsplanar.
▪ Tydelegare bestillingar frå jobbkonsulent til
arbeidsleiar
▪ interne samhandlingsarenaer og rutinar.
▪ Vi har, saman med A&I bedriftene i Nordvest utvikla
rammeverk for yrkesretta opplæring.
▪ Jobba aktivt med karrierelæring saman med Arne
Svendsrud.
▪ Teke i bruk AI Læring som interaktiv læringsplattform
side 4 av 9
Spørjeundersøkingar
Bransjen har utvikla eit benchmarkingsystem, BATT som gir bedriftene
bransjesamanlikningar. BATT tek utgangspunkt i skjerma tiltak då rapporteringa
for dei anbodsbaserte ikkje omfattar alle leverandørane i landet. Det vert difor
naturleg at ein i 2017 skiftar noko har meir fokus på trendar og utvikling internt.
▪ Deltakarane som er mottakarar av tenester frå Furene evaluerer oss
gjennom spørjeskjema.
▪ Rettleiarane på alle dei sju NAV-kontora får anledning til å gi oss
tilbakemelding gjennom spørjeskjema og møteplassar.
▪ Eigenevaluering skjer gjennom spørjeskjema til dei som arbeider med
tenesteleveransen i bedrifta.
Spørsmåla i undersøkingane vi brukar er utvikla og standardisert i samarbeid
mellom Arbeid & Inkludering, ASVL og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Svara frå
dei ulike undersøkingane blir omgjort til ein skala frå 1 til 6, der 6 er best.
Det vert utført målingar og samanlikna tal på bransjenivå og fylkesnivå.
Deltakartilfredsheit – utvikling pr. tiltak siste 3 år
I grafen under ser ein korleis deltakarane har rapportert total tilfredsheit i
perioden 2015- 2017 for dei ulike tiltaka.
Mange av deltakarane frå APS vart med over i den ny ordninga AFT i 2018 trass i
at målgruppa var noko annleis. Dette påverka truleg resultata i første halvår,
men likevel ser vi at AFT startar med høgare brukartilfredsheit enn det APS
slutta med.
I 2017 var deltakarane på VTA tilsynelatande jamt over nøgde, og vi kan
registrere ei lita auke i tilfredsheit samanlikna med året før. Likt tidlegare år er
det spørsmålet om Furene hjelper deg nærare jobb og arbeidsliv som har ein låg
skåre og trekk ned totalskåren i betydeleg grad. Dette er noko vi ser som eit
forbetringsområde i 2018. VTA skårar høgt på spørsmålet om ei samla vurdering,
samt kor vidt dei vil anbefale Furene til andre. VTA er i 2017 også blant tiltaka
som skårar høgast på spørsmålet om livskvalitet.
side 5 av 9
Kva tiltaksdeltakarane meiner om Furene
Brukarundersøkingar vert rapportert på tiltaksnivå og resultata vert 93% av tiltaksdeltakarane seier
gjennomgått og evaluert halvårsvis i avdelingsmøter. seg svært eller godt nøgd med
jobbkonsulenten si oppfølging.
Tilfredsheit Dette samsvarar godt med
eigenevalueringa av
Furene har eit overordna mål om at 90 % av tiltaksdeltakarane i skal vere godt kompetanse,
eller svært godt tilfreds med Furene sitt tilbod. I 2017 som 2016 er talet 81%, brukarmedverknad og levering
noko som syner at vi ikkje er langt frå målet. på bestilling.
Individuell plan:
I 2015/ 2016 vart det jobba systematisk med handlingsplan og i 2016 såg vi at
87 % sa at dei har vore med å utforma eigen plan.
I 2017 er indikatoren redusert til 84%. Det vil difor vere viktig at vi også framover
beheld fokuset på å involverer deltakaren i arbeidet med dei individuelle
handlingsplanane
Livskvalitet:
Mange har auka livskvaliteten gjennom tida i Furene. Det er variasjonar mellom
dei ulike tiltaka.
VTA 81%
AFT 57%
TIA 50%
Vi meiner auka fokus og tiltak for brukarmedverknad og myndiggjering gjev den
enkelte større bevisstheit rundt opplevd livskvalitet, og ynskjer å ha fokus på
dette også framover.
side 6 av 9
Kva NAV meiner om Furene
Furene har 6 NAV kontor i vårt område og Furene opplever at samarbeidet er
godt med alle kontora. NAV rettleiarane, er flinke til å gi konstruktive innspel i
kvardagen og samhandle til tiltaksdeltakaren sitt beste. Undersøkinga
omhandlar også dei anbodsbaserte tiltaka.
Samla tilfredsheit
I 2011 svarte 35 % at dei var godt eller svært godt fornøygde med Furene sine
tiltak og tenester.i 2017 er denne auka til 60%.
Forbetringsområde «-Å tilby reelle arbeids
arenaer med relevante
NAV evalueringa frå 2017 syner at dei på det jamne er relativt fornøgd med arbeidsoppgåver er eit
Furene. Det som skil seg ut som forbetringsområder er behovet for meir kontinuerleg
relevante arbeidstreningsarenaer. I 2017 vart det påbegynt ein prosess med utviklingsfokus for alle i
arenautvikling, men vi har enda ikkje sett tydelege resultat av dette arbeidet. Furene»
Berre 37% av sakshandsamarane på NAV meiner at Furene i stor, eller svært Eldor Skeide, Adm.dir.
stor grad leverer i høve til bestilling. Dette avvik sterkt frå vår oppfatning av
dette punktet og dei tilbakemeldingane vi får på våre sluttrapportar. Uklare
bestillingar og ulike forventingar i høve innhald og omfang i den enkelte
bestilling kan vere moglege forklaringar på desse forskjellane. Vi vil difor auke
fokuset på gode bestillingar, kommunisere betre med NAV når det er behov
for å endre eller justere bestillingane.
Faglege kompetanse
Her meiner 59% av NAV sakshandsamarane at Furene i stor eller svært stor grad
har tilstrekkeleg kompetanse for å gjennomføre tiltak.
side 7 av 9
Plassar
Tildelt ramme og gjennomsnittleg utført månadsverk skjerma sektor i 2017:
Tiltak Tilsagn Gjennomført
AFT + KIA 20* 26,2
VTA 50 49,2
TIA 8 7
*Nedtrapping av KIA med tilsvarande opptrapping av AFT til 26 ved utgangen av
året
Inntak og ventelister
Vi har jamt gjennom året hatt ventetid inn til tiltaka i skjerma sektor.
Arbeidstreningsarenaer i Furene
Figuren under syner arbeidstrenings- og kvalifiseringsarenaer på dei ulike
avdelingane i Furene.
Tilbod om opplæring/kvalifisering
Furene er godkjent lærebedrift innan Industrimekanikarfag og
Institusjonskokkfag.
Lærekandidat innan servicefag, kantine/catering, reinhald og mekaniske fag.
Kvalifisering med tenesteattest på nådd praktisk kompetanse innan:
▪ Mekaniske fag (hjelpearbeidar industri/CNC, sveis, plate).
▪ Kantine og catering.
▪ Reinhald.
▪ Merkantile fag.
▪ Logistikk
▪ Transport
▪ Grønt arbeid
side 8 av 9
Resultat av tiltaka og arbeidet
KIA
Kvantitetsmål: 70% skal formidlast til ordinær jobb.
Resultat: 5 personar avslutta.
2 personar til arbeid = 40%
2 til aktive tiltak = 40%
Alle avslutta pr. 31.12.2017.
AFT:
Kvantitetsmål: 50 % skal over i arbeid eller sjølvfinansiert utdanning.
Resultat: 54 personar delteke i tiltaket
34 personar avslutta.
10 personar formidla til arbeid = 29%
5 personar til aktive løysingar = 15 %
Venteliste 31.12. – 19 stk
VTA Ingen som har nytta seg av permisjons
Fråvær skal reduserast frå 2016:
Måltal: 2016 = 5,71 % - 2017= 5,73 %
Resultat: 40 personar – 3 slutta
Furene : 17 personar – ingen slutta
Dragsund: Venteliste pr. 3.12. - 8 stk
TIA: 8 personar – alle overført til VLT pr. 31.12.17.
Tverretatleg samarbeid
Furene har samarbeid med kommunale etatar i alle omkring liggande kommunar
ved behov.
Furene har 4 rådgivande utval for VTA/Industriteneste i året der leiinga frå
helse/omsorgs etaten i Volda og Ørsta er til stades, og der også NAV Volda og
Ørsta er representert ved leiarar.
Furene har etter avtale med koordinerande NAV etablert to rådgivande utval for
VTA knytt til Dragsund. Eit for Vanylven og eit for Dragsund (Herøy, Sande og
Ulstein)
Vidaregåande i Ulstein, Herøy, Volda og Ørsta har faste møtepunkt og
omvisingar på Furene.
DPS Volda, fastlegane og psykologar i Ørsta og Volda vert nytta etter behov og
kapasitet.
Furene har samarbeid med Møre og Romsdal Fylke om ungdomstiltaket I UNG
og Karriere Møre og Romsdal, Der vi er leverandør av karriere rettleiing.
Furene har samarbeidsavtale med fysioterapeut som gjennomfører
funksjonsvurderingar for oss. Furene har samarbeidsavtale med arbeidspsykolog
som vi trekker inn ved behov.
side 9 av 9