The words you are searching are inside this book. To get more targeted content, please make full-text search by clicking here.

Dispensasjon påska 2019.DOCX

Discover the best professional documents and content resources in AnyFlip Document Base.
Search
Published by Fyresdal kommune, 2019-04-12 03:07:09

Dispensasjon 2019

Dispensasjon påska 2019.DOCX

Fyresdal kommune

Avdeling plan og teknikk

Fellestenesta Fyresdal Kommune
Klokkarhamaren 6
3870 FYRESDAL

Delegert vedtak
Delegert rådmannen - nr. 70/19

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato:
2019/508-1 11.04.2019
Aslak Momrak-Haugan,35067119 K01

[email protected]

Utvida dispensasjon for bruk av snoskuter i Fyresdal i Påska 2019

Jf FOR-1993-08-12-961 Forskrift om bruk av snoskuter, Fyresdal Kommune, Telemark, er det
ikkje tillete med skuterkøyring innan kommunes villreinområde etter 20. april kvart år. Dette vil i
praksis seie at transport til og frå hyttene i heiområda er forbode etter denne dato, og at dette
omfattar det meste av heiområda i kommunen.

Frå tid til ana fell påska så seint på året, at ein med bakgrunn i gjeldande forskrift ikkje har høve
til å nytte skuter mot slutten av påska. Så er også tilfelle i år, då 2. påskedag fell på måndag 22.
april.

Fyresdal Kommune har difor gjort fylgjande administrative vedtak:

”Fyresdal kommune gjev ein generell dispensasjon frå FOR-1993-08-12-961 Forskrift om bruk
av snoskuter, Fyresdal Kommune for alle gjeldande skuterløyver i kommunen, fram t.o.m.
måndag 22.04.2014. Dette vert gjort for at løyveinnehavarane lovleg skal kunne nytte skuteren
til transport i påska, som avsluttast 22. april (2. påskedag).”

Dispensasjonen vert annonsert på kommunens heimeside www.fyresdal.kommune.no og på
sosiale medie.

Eventuelle spørsmål kan rettast til underteikna.

Med helsing

Aslak Momrak-Haugan
skogbrukssjef

Postadresse: Klokkarhamaren 6, Telefon: 35 06 71 00 Bankgiro: 2694.07.00689
3870 FYRESDAL www.fyresdal.kommune.no Foretaksnr.: 939 772 766

E-post: [email protected]


Click to View FlipBook Version