The words you are searching are inside this book. To get more targeted content, please make full-text search by clicking here.
Discover the best professional documents and content resources in AnyFlip Document Base.
Search
Published by Fyresdal kommune, 2019-11-26 03:10:56

Desember og januar

Desember og januar

FYRESDAL FAMILIEKOR

Desember 2019: Syngje på familiemessa 1. sundag i advent i Moland kyrkje kl. 11.00.
Øving i kantina på Gimle onsdag 11. desember, kl. 17.00–18.00.
Syngje på «Vi syng og spelar jola inn» i Moland kyrkje sundag 15. desember, kl. 17.00.
Møt opp kl.16.30.
Januar 2020: Øving i kantina på Gimle onsdag 8. januar, kl.17.00–18.00.

HOBBYGRUPPE PÅ BETEL – frå 3. klasse og oppover

Vi samlast ein gong i månaden for å kose oss med ulike hobbyaktivitetar.
Kvar gong får du høyre ei forteljing frå Bibelen før vi syng litt saman. Enkel
servering. Håpar du har lyst å vere med!

Har du spørsmål eller har du lyst å seie at du vil vere med, send gjerne ei
melding til Sigrun (970 25 012) eller Berthe (995 42 766) 

Desember 2019: Joleavslutning saman med Fyril Friluftsgruppe ,
hjå Andreas Valebjørg, tysdag 17. desember kl. 18.00–19.30. Grautservering.
Januar 2019: På Betel tysdag 21. januar, kl. 17.30–19.00. Hobbyaktivitetar, bibelforteljing, song og litt
å bite i.

Nytt misjonsprosjekt:

Fyresdal kyrkjelyd har laga avtale med HimalPartner om misjonsprosjektet Mental
Helse i Nepal. Prosjektfokuset vil vere «Ein betre skulekvardag» og
«Foreldrerettleiing». Meir informasjon om prosjektet seinare.

Vi er nå oppmoda av HimalPartner om å vere med på ein strikkedugnad, der det
gjeld å strikke Kamalas englar. Englane skal seljast for kr 100 pr. stk, og inntekta
går til arbeidet for å hjelpe sårbare kvinner som bur på gata i Kathmandu. Oppskrifta
finn du på HimalPartner si side på Facebook, eller tak kontakt med kyrkjekontoret.
Ferdige englar kan òg leverast på kyrkjekontoret, og så sel vi dei for deg.

Kyrkjekontoret: 35 06 71 33 / 951 59 494 – e-post: [email protected]
Prest: 35 06 71 45 / 948 86 826 - Kantor: 958 60 923 - Kyrkjetenar: 970 69 887 - Prostidiakon E. Erikstein: 911 13 580

51

Fyresdal Taxi

Tlf. 953 03 500

Rekvisisjon til pasientreiser
Dersom du ikkje kan nytte rutegåande transport, kan du ha rett på å få rekvisisjon til
reisa frå din behandlar eller frå ditt lokale pasientreisekontor; tlf. 915 05 515.
 Er det helsemessige årsakar til at du ikkje kan nytte rutegåande transport til og frå

behandling, kan du få rekvisisjon til annan transport av din behandlar.
 Manglar det tilbod om rutegåande transport på den aktuelle strekninga, kan ditt lokale

pasientreisekontor gje deg rekvisisjon til annan type transport.
Rekvisisjonen kan gjelde både reise med drosje/turvogn og reise med helseekspress eller
helsebuss.

Venleg helsing
drosjeeigarane i Fyresdal

52


Click to View FlipBook Version