The words you are searching are inside this book. To get more targeted content, please make full-text search by clicking here.
Discover the best professional documents and content resources in AnyFlip Document Base.
Search
Published by anneolaugbj, 2020-03-05 09:05:09

Betennelsar i kroppen sett frå ein sjamanistisk ståstad (2)

Betennelsar i kroppen sett frå ein sjamanistisk ståstad

Betennelsar er kroppen som prøver å brenne ut uønska materie. For eksempel kan
øydelagt vev i kroppen kan ikkje bli erstatta utan betennelsar.

Går elden ut av kontroll, må kroppen sløkkje med vatn.

Slike store og ubalanserte reparasjonsarbeid i kroppen blir sett på som sjukdom, men i
utgangspunktet er det kroppen som prøver å balansere.
Betennelse er også eit healande arbeid, men når det får halde fram, skaper det sjukdom.

Det er vitskapleg prova at betennelse ( in - flamasjon - inne flamme ) kan vere årsaka til
somme typar kreft,​ revmatiske sjukdomar, periodontitt, ateriosklerose og
medverkande hjerneinfarkt, og pollenallergi som så mange lir av i dag. Betennelsar i
tarmen og mage er truleg underliggjande årsak til fleire sjukdomar enn vi anar,
deriblant mange autoimmune reksjonar.
Mange av desse sjukdomane er overreaksjonar i systemet, ein eld som set i gang litt
for tidleg eller kjem ut av kontroll litt for lett, fordi vi ikkje har meir vannenergi til å
sløkke.

Sorg og depresjon er vannenergi i sjamanismen, og sinne og flegmatiske
sinnstilstandar er eld. Det seier seg sjølv at når vi for eksempel medisinerer bort
depresjon og samstundes tilfører kortison for å dempe inflammasjonen kan det bli
uheldig.
Depresjonen var slik sjamanen ser det eit forsøk på å ta deg inn i dei deler av sinnet
der healing på blokkeringar og traumer kan skje. Healing av traumer er depresjonen
sin eigentlege funksjon, tenkjer sjamanen.


I denne omgang skal vi ikkje gå inn på desse bindingane til kjensler avdi det så lett
flammar opp i allmennvitskapen og kva folk likar å høyre.
Men for den som er interessert er der mykje å hente ved å lese austleg tilnærming til
medisin, mellom anna den 5000 år gamle Gule Keisers Klassiker, ayurvedisk eller
Bön - førbuddhistisk medisinsk vitskap.
For sjamanen er desse berre ulike og godt gjennomprøvde system for verkeleg
medisin. Sjamanisme eksisterte også før desse systema, og ligg bak både yoga,
mindfulness og dei greske filosofane si tenkjing for å nemne noko. Sjamanen var
den fyrste vitskapsmannen.

Men la oss trekkje attende til det vitskapen i dag lærer oss, og kva vi kan gjere.

Kortison er eitt av hormona som kroppen produserer for å sløkkje eld.

Adrenalin er eitt av eldhormona.

For mykje vatn, og vi får ein oppsvulma utsjånad, dette ser vi når vi tek ekstra
kortison for å halde nede betennelsar, men også naturleg når kroppen prøver å
leggje til vatn for å sløkkje eld eller også for å rense ut avfallsstoff eller begge deler.

Å tilføre ekstra hormon er nødvendig somme tider, men i utgangspunktet vil vi jo
helst at denne store krigen mellom eld og vatn skal haldast på eit lågt og naturleg

nivå der det er samarbeid i kroppen og ikkje krig.
Vi treng elden for å resirkulere, og vi treng vatnet for å halde elden i sjakk men også
for å rense ut og for å sirkulere informasjon.
Harachakraet er sentralen der dette skjer, det er kopla til glede, lyst, seksualitet men
også frykt og intuisjon.

Igjen er harachakraet kopla på Netzach ( frå kabbalah sin forståing, som igjen
samsvarar med alle kulturar til alle tider sin mystiske viten) som regulerer den
kjertelen som vi kallar bukspyttkjertelen og insulinet i kroppen, og til lever og nyrer.
Det seier seg sjølv at denne balansen er viktig, og bak den ligg syre /base balansen i
kroppen, og vi er rett inne på det å ete seg frisk.
Ei god psyke, glede og balanse mellom lyst, glede, intuisjon og forståing av ansvar
er det som skaper evna til å balansere på vatn. Dette held kristusenergien i
solarplexus oppe, som gjev oss kraft og motstandskraft.

For å regulere for mykje syre, som på same måte som eld er der for å brenne bort,
er det viktig å skape eit balansert element i det jamne.
Baking soda og fermenterte grønsaker er her ein av mange fantastiske nøklar.


Men husk at dersom det ligg kjenslemessige blokkeringar under ubalansen, må
desse opprettast og avklarast og få tid til å rense ut.
Ei blokkering er ikkje anna enn kroppen som lagrar erfaringar til vi er sterke nok og
kloke nok til å hente ut vitenen i dei.
Så å sjå på blokkeringar som stygt, er som å kaste ut barnet med barnevatnet. Vi
må inn i prosessar somme tider, andre ganger er blokkeringane berre avleira
materiale og kan skyljast ut utan at ein treng å sitje gro fast i fortid og bitterheit for
eksempel.

Etter healing og utrensing (aktivt kol eller leire er gode rensekurar, det same er
kontrollert faste ) kan ein gå i gang med prosessarbeid. Også under prosessarbeid
anten det er fysisk rekonvalesens eller psykologisk opprydding eller helst ein
kombinasjon, er det viktig å ete rensande mat men ikkje i for store mengder. Ein vil

ikkje skylje ut for fort. Salt og mineral inneheld informasjon ein vil ta med seg, og for
sterk utrensing kan vere til belastning for lever og nyrer. Bruk alltid ein utprøvd
rensemetode og snakk gjerne med legen din og ernæringsfysiolog.

I ein kombinert prosess og utrensingsperiode må kroppen få tilført rett føde, og
deretter kan reparasjonsarbeida foregå på ein god måte.
Nok av gode oljar trengst, og sukker til å halde elden levande.
Sukker er som tennpluggane i ein motor, og utan sukker blir systemet surt og elden
sloknar. Dette er også eit av problema med kosten i dag der ein berre tilfører kunstig
sukker.

Men det er viktig å tilføre på rett tidspunkt, og at sukkeret ikkje blir liggjande å gjere
men kan brukast direkte
Kvitt sukker er sjølvsagt ​ikkje​ det sukkeret eg snakkar om.
Frukt honning og naturleg sukker i stivelse.
Som ein tommelfingerregel er det at vi treng sukker til å starte opp om morgonen.
Gjerne ein juice av ei eller max to typar frukt som har god kjemi saman. Men start
med å bruke frukt av ein type.
Dette etter at du har drukke ein pressa sitron og venta ti til 20 minutt.

Etter frukt ventar du 20 minutt eller meir, gjerne til du er komen på arbeid, då et du
ein naturell yoghurt eller fermenterte grønsaker i lag med kornprodukt og eventuelle
protein som ostar eller lyst kjøt eller fisk. Med andre ord ein god sandwich eller
smørrebrød, det danskane kallar frokost som er ein tidleg lunsj.
Øv deg på å intuitivt finne ut kva som trengst resten av dagen

Pass på at salatar og rawfood ikkje blir kapsla inne med tunge måltid på toppen og
blir liggande og gjære utan luft.
Skal du ete raw food skal den få tid omkring seg til den naturlege gjæringa i tarmen.

Og kunstig sukker er ikkje eit samtaleemne her.

Dersom inflamasjonen har teke overhand er desse matvarene gode, og også for å
forebygge inflamasjonar som tek overhand.
Gurkemeie, fiskeoljar, ingefær og spirulina er typiske matvarer som motverkar
betennelsar, det same er stangselleri og rødbetar som rensar blodet. Chiafrø og
svarte sesamfrø er også fine til å rense ut.
I motsetnad til kunstige hormonelle medisin, regulerer kroppen betre desse
fødestoffa.
Linfrø og grapefrukt er så sterke hormonregulerande fødevarer at du ikkje skal ta dei
utanom ein regulert diett dersom du bruker til dømes stoffskiftemedisin.
Men sjølvsagt er det her også regelen om å ete balansert, til rette tider og i rett
kombinasjon som gjeld. Til dømes kan for mykje ingefær sløkkje elden og sidan den
er ei medisinplante, ei droge, skal ein ikkje berre pøse på med såkalla superfoods.

Ein viktig faktor er meditasjon
Det som er rett i dag var kan hende ikkje rett i morgon.
Og ingen biolog eller spesialist kan fortelje deg det djupaste.
Det å hente tilbake din eigen visdom er skremmande.

Vi er så vant til lytte til andre, til å gje frå oss makta over livet vårt.
Her er ein meditasjon for å begynne å snakke med kroppen, forsiktig i byrjinga
For intuisjon ligg på harachakraet, lyst og begjær det same.
Det er derfor vi ikkje berre kan ete det vi trur vi har lyst på eller treng i første omgang
medan vi trenar intuisjonen på kva vi verkeleg treng.
For eksempel kan det i byrjinga kanskje kome opp at du treng energidrikkar eller

alkohol eller ein sigarett eller ei kake.
Det er då viktig å gå bakanfor.
Manglar du energi?
Er du lei deg?
Kvifor treng du sukker?
Kvifor treng du rus?
Å stille desse spørsmåla til vi er tilbake der vi kjenner at dette er verkeleg kroppen
som snakkar og ikkje det tilfeldige og overlevelsesbaserte egoet som i
utgangspunktet også er der for å hjelpe oss, men som ikkje har dybde anna enn
erfaringar, og dei går ut på godt eller smerte djupt forankra i reptilhjernen vår som
også er fantastisk til å beskytte oss, men ikkje skal få ta over for nyansar.

Betennelsar i kroppen kan også kome av svakt elektrisk felt, av mangel på rette
bakteriar og av ugunstig sopp.
Syre-basebalansen, å få opp ein sunn tarmflora, å rense ut det gamle først og å
meditere parallelt er oppskrifta.
Å prøve å opphalde seg i område der det ikkje er stråling så ofte som råd er er også
viktig.

Og latter. Mykje latter. Ikkje berre styrkjer det magemusklane og immunforsvaret,
det er rein manna for harachakraet, for kreativitet og mot.
Lattermeditasjon kan vere enkelt.
Gå saman to og to, og studere nasen til kvarandre til de tek til å le.
Nasen er forbunden til harachakraet, og sant å seie er ein nase ganske udelikat og
latterleg. Og vakker så klart. Det er denne latteren som er så befriande.
Om du vil gjere ein latter-meditasjon åleine, sit du på ei pute og begynner å pumpe
luft ut frå nasen med magen som ein rask blåsebelg.
Smil, lag så hikstande gråtelydar i lag med pusten.
Gradvis smiler du meir og meir til gråten vert til latter og tilbake til gråt igjen om det
trengst.


Click to View FlipBook Version